- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
123

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aa, Gudleik; Live er djupt. Det hev so mykje me
ikkje visste um; som ingin veit um; kvar ny Dag opnar
ei ny Verd for oss. Forstend du det, at me kann vera
sæle og frie midt i vaar Sorg, syngje og kveda av Frygd,
medan Hjarta bløder?

Gudleik. Ja! midt i vaar Sorg.

Som eg her stend for Dykk, — aldri hev eg fyrr no
visst kva Sorg var. Og endaa hev eg ikkje fyrr no visst
kva Glede er. So underleg sorgsæl og rik gjeng eg
ikring; og Himil og Jord hev nye Fargar. Aa for ei
Hugsvaling, for ein Lækjedom etter alt dette vonde,
etter den lange Trældomen, — og etter denne
jammer-fulle Synde Tid.

Paulus. Du hev fengi ofre alt ? Sjølve Evelinde.

Gudleik (stilt). Ja. Alt. Stend her nakin og arm;
eig inkje — og ingen. Eg skulde vera den armaste paa
Jordi. Men er det ikkje sant, forunderleg sant, at alt
me ofrar fær me hundrafoll att — her? ikkje berre i
Himilen, men her? no? — I det heile: hev De lagt
Merke til, at Jesu Ord, dei er ikkje berre sanne, — dei
er bokstaveleg sanne? Reint bokstaveleg? — Fyrr
turvte eg alltid so mykje Fortolking. Det var nok sant,
det han sagde; men eg maatte forstaa det so og so.
No stend Ordi hans for meg som klaare, skinande Ljos,
som straalar inn i Hjarta mitt beint og varmt, og
vekkjer Liv som Blomar av Moldi. Kva er det for eit
Vidunder? Er det ikkje som alle Skyir og Skoddebakkar
var tekne burt, og me saag beint inn i det kvite Ljose
der uppe?

Paulus. Ære vere Jesus Kristus.

Gudleik. So klaart og tydelegt som alt er! Eg
gjekk og fælte og trudde at det var so umögelegt aa
fylgje Jesus. Eg kunde ikkje; me kunde slett ikkje. Aa
ofre det eg elska, — eg forstod det ikkje. Og elske det
eg hata, elske sine Fiendar — det kunde kje vera Mei-

123

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free