- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Evelinde (stansar; kjem nærare). Er det...
Læraren ?

Paulus. Ja. Venta; eg hev eit Ord aa segja deg.

Evelinde (bøy g jer Hovude; skjelv). Eg ventar.

Paulus. Eg maa tala ut med deg. Du hev svara
Gudleik nei?

Evelinde. Eg trudde eg maatte.

Paulus. Kann du ikkje halde av han ?

Evelinde. Gudleik er meg kjær.

Paulus. Men du ... elskar ein annan ?

Evelinde (med sviktande Mæle). De... hev vel
set det.

Paulus. Evelinde; du er meg uendeleg kjær.
Kjærare enn eg visste. (Ho skjelv. Han gjeng fram og
tek henne i Handi.) — Vil du lyde meg ?

Evelinde (kann knapt faa Orde fram). Ja.

Paulus.–Du veit det sjølv, Evelinde: me tvo

maa vera ... som Syster og Bror.

(Sterkare.) Ja, Evelinde; — du er rein som den kvite
Blom. Men eg hev Synd paa meg. Ho, den kjære, som
er burte, — ho tvila paa meg; og eg hadde Skuld; for
eg elska henne ikkje nok, og eg saag ikkje kor saart
ho leid og pintest. Og soleis vart eg Skuld i, at ho
maatte so tidleg og so syrgjeleg burt. Gud vil forstaa
henne og vera henne naadig.

— Du hev set og ser det sjølv, Evelinde, du reinaste,
du finaste millom Møyar, — du ser og forstend, at med
ei slik Skuld imillom oss (strævande) ... kunde me aldri
i Jesu Namn ... liva som rette Ægtefolk. — Du ser det ?

(Evelinde nikkar. Det gjeng Skjelvingar gjenom
henne; Andlite hev ho løynt.)

Eg hev stridt min saaraste Strid i Dag; men Gud var
god... Me maa skiljast for dette Liv, Evelinde. — Og
no bed eg deg, at — um du kann, um du sjølv kjenner
det som Guds Vilje, — at du daa tek Gudleik til... din

126

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free