- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eiter og Glod — av di eg kjenner meg sjølv, at eg...
ikkje er uskyldig.

Gudleik (varmt). Du er uskyldig!

Paulus. Syndi hev Gud teki burt. Men ille gjort
krev Bot, Gudleik. Eg vil skrifte for dykk i Kveld, og
taka den Boti de maa leggje paa meg, — som og den
Straffi Gud enno kann vilja sende meg.

Gudleik (stilt). Saart... hev du sona, Paulus.

Paulus (bøygd). Aldri, aldri fær eg sone nok. Eg
gjekk der sovande og lét Sorg og Hugsott vekse, til

dess... dette verste hende.–Aa, Gudleik, — eg

hadde gledt meg so til aa liva mitt nye Liv saman med
henne, og faa henne til aa forstaa meg; ho var so heil
og varm; ho hadde vorti eit herlegt Kristinkvende.
(Med ein djup Sukk.) Og ala ... den vesle ... upp til
ein sterk og glad Jesu Svein!

(Vinn seg yvi.) Ja, streng Tukt hev eg fortent, at eg
kann lære ... aa vaka, Gudleik.

Gudleik (skjelvmælt). Kjære Bror.

Paulus (roleg att). Men Stundi nærmar seg. Eg
maa i Kveld tala mitt siste Ord med Evelinde.

Gudleik. Syster Evelinde vert sein.

Paulus. Ho kjem. Du hev vel høyrt, at dei...
gifter oss saman?

Gudleik (stilt)-. Eg bed Gud, at det maa vera sant.

Paulus (rister paa Hovude). Minst af alt gjeng eg
no i Giftetankar, Gudleik.

Men der kjem ho visst. Gakk inn, Gudleik; eg hev
Ting aa segja henne som ikkje er for deg — no.
(Gudleik gjeng.)

(Det er myrkt. Ein kann berre s jaa Umrit. Maanen
gløser fram og kjem burt att.

Evelinde kjem hastande, ser ikkje Paulus; vil
um Hyrna og inn.)

Paulus. Evelinde.

125

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free