Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Eg hadde livt som den burtkomne Sonen og var som
han komin i Naud; men daa eg som han søkte heim att,
var Faderen burte.
Eg gjekk til Prestane og sagde: «kjære, finne meg
att Faderen! for eg hev sett til mi Kraft og mi Von og
alt mitt Liv og maa døy; og han er den einaste som
kann hjelpe meg.»
Og dei song sine Songar og mana med Bønir og sterke
Ord. Men Faderen saag eg ikkje.
Eg gjekk til dei vise og sagde: «kjære, finne meg att
Faderen! for eg hev spillt mitt Liv og er i Naud, og er
aaleine og rædd, og sjuk; og han er den einaste som
kann hjelpe meg.»
Og dei røynde sin Visdom og sine Sjaa-Glas, og rekna
seg gjenom Himlar og Heimar og ransaka
Stjerne-Taa-kur og Avgrunnar. Men dei sagde: Faderen er burte,
og me finn han ikkje.
Og ein av dei eldste sagde til meg: «Er du og ein
av deim, som leitar etter Faderen? Eg skal segja deg
ein Ting. Den som leitar finn, men ikkje det han leitar
etter.
Faderen er den som Borni skapte i sitt Bilæte; og dei
gjorde han stor, og sette han upp for seg til ei Trøyst
og ei Hjelp; for dei var smaae og kunde ikkje vera
faderlause.
131
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>