- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
132

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men naar dei vert større, og er ufornøgde med
Heims-steile, og ikkje fær Hjelp naar dei bed, og ikkje Svar
naar dei spyrr, daa gjeng dei paa Leit etter Faderen
og finn seg sjølve.»

Eg gjekk til deim som ser Synir og hev Draumar og
manar Aandir og granskar dulde Ting; og eg sagde:
«Kann dé vise meg Faderen?»

Men dei viste meg Skuggar. Og Skuggane svara paa
det som eg ikkje spurde um.

Daa vart eg leid og leita ikkje lenger.

II.

Men daa eg var aaleine i det framande Lande, og alt
hadde svikta og Hugen var uroleg og Dauden banka paa,
tenkte eg: um Faderen er burte, so vil eg sjaa att
Barneheimen. Eg vil finne mine eigne; og dei vil høyre paa
meg og tilgjeva meg. Og hjaa deim vil eg finne ei Livd.
Men dei som ikkje kann høyre meg lenger, — ved Gravi
deira vil eg gjera Bot, og tigge meg Tilgjeving. Og
heime, hjaa mine eigne, vil eg døy, og samlast til mine
Fedrar.

Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte og drog heim.
Men daa eg kom fram, var Heimen seld og Ætti spreidd;
og Bror min sat som ein Farre paa ei Heid, og dei sagde
han var galin. For han hadde selt alt det han aatte og
gjevi det til dei fatige.

Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein vond
Dag.

Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining; so
leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa bu der.
For no vilde eg ikkje flakke lenger.

Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy.

132

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free