Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorti gamall
men ikkje vis; eg var rik men hev vorti arm, og no er
eg heimkomin men ikkje heime. Men endaa vinn eg
heim. Det er berre den sidste Kneiken att; og dette
tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila.
Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod;
og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa
Mann bera til Rygg brest. Eg vil lide og tenkje at di
verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine,
skal mine Tankar halde meg Lag; og er Folke mitt
burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg svæve
min Hugverk. Og alt det eg hadde av Live, det gode og
det vonde og alle Umskifte, vil eg hugsa fram att og
tenkje igjenom, og sjaa um eg finn Lærdom og Lov og
Samanheng. Men paa stille Dagar, naar Soli er varm,
sit eg ved Gravi til Far og Mor; og til deim segjer eg
alt det eg leid og lid, og skriftar mi Synd, og trur at dei
tilgjev. Og det vil synast meg visst, at kor gali ein for
og kor saart ein sveid, so er Live alltid betre freista
enn ufreista.
Og eg tenkte meg um og sagde: kva vil eg med
Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen.
Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var faarleg.
Han gjætte meg med Augo av Eld, og han saag alt; og
alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm; og
Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Natti. Og alltid
naar eg vilde vera glad, maatte eg gløyme Gud.
Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all
hans Harm og Eld! Han søv, og me skal ikkje vekkje
den Dom-snare.
Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det
verste er att; men det lengste er yvi-stridt. Og Faderen
er burte; men naar Dag lid til Kvelds, gjeng eg heim til
ho Mor, til mi rette Mor: heim til Naturi.
9 — Garborg V.
133
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>