- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
136

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

For det er du som er Faderen,
den gode og den milde.
Ei løynd Magt
slengde oss her inn
og fyllte oss med Vonir
som ho riv ut or oss att,
ei for ei,

til Hjarta er hudlaust i oss,
og Vegen etter oss
ei lang Blodstrime.

Men du saag vaar Naud,
og du sagde med deg sjølv:
eg vil hjelpe desse hjelpelause
som lid og ikkje veit
kva dei lid for.

Di priser eg deg,

du mi visse Von,

du som veit Raad,

naar alle stend raadlause;

ditt Namn trøyster meg

kvar kvidefull Stund,

og sæl vil eg helse deg naar du kjem,

med Hjelp som hjelper

og med Lækjedom som lækjer,

og svæver meg inn

som eit sjukt Barn,

og legg meg til Ro so trygt og godt,

at eg aldri meir tarv vakne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free