- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
137

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

XVIII.

Verdi er svikefull, men hev endaa sin Mildhug.

Etter kvart som Vonine brest fyri oss, veks Minni til
att etter oss; og det gode me hadde og ikkje visste um,
vert uppspart aat oss til Niste og Helsebot i vaar
Alderdom.

Eg vaknar um Dagen paa gamle Vegar, og Minne
vaknar ved kvar Stein. Eg ser desse Haugane der Veslegut
sprang ein gong, og der Ungsveinen drøymde sine fyrste
heite Draumar. Og smaka dei fyrste søte og beiske
Nippar av Livsens Drykk. Men det søte heng lengst i. Og
det som var beiskt hev søtna med Aari. Ho den vesle
Jaala som fyrst gav meg aa eta av Kunnskapstrée paa
godt og vondt, naar ho livnar upp att for meg no, er ho
eit mildt Minne. Og all min Barneangest gjeng meg
gjenom Hugen som ein døyvd og sorgfull Song. Soning
legg seg yvi alt; yvi det med, som eg minst hev Mod til
aa minnast.

Eg søkjer ned i Sandane, der Have bryt; der gjeng
den same Susen med sin same djupe Tone. Men naar
Haustdagen er linn og Lufti blaa, stavrar eg upp paa
Haugen, der Varden stend; daa ser eg ut yvi heile denne
vesle Heimen, som ein Gong var min; so vent kringar
han seg um den kvite Kyrkja. Og det er som eg endaa
er komin heim. Eg gløymer jamvel min Harm yvi Bror
min og Farsgarden.

Ja her er stillt. Ingin Feber i Lufti; inkje Staak eller
Gov av det store Kappsprang. Det er eit anna
Aar-hundrad her. Eg kjenner stundom det eg ikkje hev visst
um paa mange Aar: det feil Ro paa meg; eg kviler. Og
eg drøymer um aa lure Dauden endaa i nokre Aar. For
me priser Dauden, men me elskar Live.

Her er mi Sol og mi Luft; her renn mine Bekkir. Og

137

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free