Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kjem attum no at eg rømde min Veg, og ikkje høyrde
paa Bønine hans Far, og ikkje tenkte paa Graaten
hennar Mor; eg var som ein av Sønine dine, Gunnar.
Berre grav meg ned. Grav meg djupt ned, Gunnar.»
IX.
Ein Dag etter ei vond Natt tenkte eg: um du likevel
gjekk til Kyrkja.
Skulde du finne Faderen nokon Stad, so laut det vera
der. Millom dei andre høge Barndomsminne.
Eg gjekk til Kyrkja. Og eg fann mine høge
Barndomsminne. Og millom deim min Barndoms Gud.
Men han var berre eit Minne. Han livde ikkje. Han
var ikkje lenger i Ordi og i Teikni. Det var fagre som
fyrr, men tome. Eg sagde med meg sjølv: Gravøl held
dei her yvi Faderen.
Og eg gjekk heim med mi siste Von sløkkt.
Daa vakna det endaa ei Von. Eg tenkte: no skal du
gange til Meistaren.
Eg tok fram Skriftine og fann Meistaren. Og eg
sagde: kva skal eg gjera at eg kann vinne Live.
Han svara: hald Lovi. Men sidan sagde han: tru.
Eg spurde: kven skal eg tru paa? Han svara: ingin
er god utan ein, det er Gud. Men sidan sagde han:
meg skal du tru paa.
Eg spurde: er daa du Gud?
Han svara: Herren vaar Gud, Herren er ein. Men
sidan: Faderen og eg er eitt; og sidan att: Faderen er
større enn eg; eg er berre den, som han utsende.
Ofte tala han herlege Ord; og stundom trudde eg at
eg saag Faderen. -Men so vart Faderen Domar. Og rædd
las eg um Kongen som gjorde Bryllaup for Son sin.
142
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>