Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hytta og liver av aa grava ned Folk. Han kann ikkje
gløyme Sønine sine dette.
Eg fortel honom mitt.
«Eg hadde berre tvo, eg, og dei var smaae. Det er
ikkje sant at eg misste deim; for eg hev aldri aatt deim.
Dei vaks upp i eit framandt Land og tala eit framandt
Maal. Ja det var rart: hava Sønir som ikkje kunde sitt
Farsmaal. Kvar Gong dei opna Munnen, høyrdest det
for meg som dei avsagde Far sin og Farsfolke og alt
mitt. Det er den tyngste Straff for deim som gjer seg
heimlause paa Jordi.»
«Men endaa saknar du Gutane dine.»
«Endaa saknar eg Gutane mine. Det er Voni, du veit.
Naar ein ikkje sjølv kom til aa liva, vil ein liva upp att
i Borni.»
So sit me tvo Gamlingane paa Gravbakken og klagar
vaar Naud for kvarandre, og finn som ei Trøyst i det.
VIII.
«Aa ja, Namne,» sagde eg; «no kann det snart vera
paa Tidi at du grev meg au ned.
Eg turkar og visnar. Ikkje veks eg sjølv, og ikkje
veks det noko etter meg.
Eg er som dei ville Dyri. Hola mi hev eg, og inkje
noko meir. Ingin vil sakne meg. Eg høyrer ikkje til
under noko Tak, og eig ikkje Rom i noko Hjarta.
Det eg aatte der ute vart teki fraa meg. Men det eg
hadde her heime hev forfarest. Eg var burte og tok
ikkje Vare paa det. Vind og Væte hev øydt det; Skot
og skavande Tennar hev eti det upp. Folk hugsar meg
ikkje. Og min eigin Bror er ein framand for meg.
Heimlaus gjorde eg meg, og heimlaus vart eg. Det
141
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>