- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Han tala au so høgt um aa liva vel. Men rett som
det var fekk han tids nok med aa agte sitt eigi Liv. Og
sidan hev han funni det best aa halde Munnen.»

Og ein av dei eldre lagde til noko som viste meg, at
mine Ungdoms-Syndir ikkje heller var gløymde.

Sidan held eg med burte fraa Bygdefolke. Men eg
tenkjer med meg: her er ein sjuk Mann i sitt rette Lag;
for her vil dei døy alle.

XI.

Bror min gjev meg mykje aa tenkje paa.

Han kom ein Dag fegin og fjaag og baud seg til, at
um eg vilde kaupe att Hove, Farsgarden vaar, so skulde
han vera Dreng hjaa meg og drive Garden for meg.
«For eg au lengtar heim att,» sagde han og smilte,
«helst paa Vaarkanten som no.»

Eg saag paa han: «det skulde du ha tenkt paa fyrr,»
svara eg. Og han fekk endaa ein Gong høyre mi
Hjartans Meining.

«Det er ikkje for det,» sagde han; «eg kann godt sitja
i Kvernhusheidi. Men i Natt kom det for meg, at naar
du er send heim paa denne Maaten, so maa det vera
Meiningi at eg skal faa koma til Hove att. Og naar eg
fekk vera Dreng, var det ingin Vaagnad i det.»

Han lagde ut for meg, at det var Tenar ein skulde
vera; at ein aldri var so fri som daa; at ein aldri kunde
gjera so mykje godt som daa, og kva det no var alt.
Løn vilde han ikkje hava, men «Mat og Klæde og ein
fast Heim, og so mykje fritt som eg treng til Arbeide
for Fanten min».

«Og til aa fara um og halde Bønemøte?»

Han svara: «eg held ikkje Møte lenger.»

«Nei det er sant. Kor kann det ha seg?»

144

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free