Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Du veit dette vonde som hende meg. Daa fekk eg
sjaa, at eg ikkje var vaksin til aa vera Lærar for andre.
Og so hev eg lært noko. Det er ikkje me som skal
tala for Folk. Live vaart skal tala. Dei skal kje høyre
vaare fagre Ord; dei skal sjaa vaare gode Gjerningar.
Daa lærer dei Takk og Tru og Glede.»
Han lo. «Alltid skal me ut og preike for andre!
Strakst me hev lært noko, so skal me upp paa Stolar og
Bord og forkynne det for andre! Men naar dei andre
hev lært det, gjer kje dei det heller; for dei skal og ut
og forkynne det for andre. So vert det Snakk alt. Nei;
den som vil gjera noko godt, han skal halde sin Munn
og lata Gjerningar tala.»
Eg saag paa Bror min; eg hadde kje tenkt han hadde
so mykje Vit. Men eg sagde:
«Korleis talar dine Gjerningar um deg? Süme held
deg for galin og andre for det som verre er.»
«Det hev eg nok fortent, Gunnar; men det skal eg
fortelja deg ein annan Gong. I Dag vil eg berre vita
um du vil ha meg til Gardsdreng.»
Eg hadde stor Hug til aa segja ja, men torde ikkje.
«Kva skal eg kaupe Gard etter,» svara eg. «Ein gamall
krank Mann; og ingin Erving. Ætti vaar er nok dømd,
som han Far sagde.»
Han tagna og gjekk.
Underleg er han. Og eg veit ikkje kor langt han er
sætande. Men han kann stundom vera so lik han Far.
XII.
September var fin og eg kjende meg frisk; det eg
lengi hadde tenkt paa vart endeleg av: eg drog paa
Gjesting til Syster mi.
Ho er den einaste av mine Systken eg hev att. Bror
145
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>