Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XVIII.
Furtin er ikkje Bror min. Rett som det er ser han
her inn, og er som det aldri skulde ha falli eit Ord
imil-lom oss.
Det skal vera Kristindom. Men eg tenkjer med meg:
han vart vel annarleis mot meg, hadde han Greide paa
meg.
Det er Strid um han allstad. Her i Huse er Mannen
mot han og Kona med han. «Det er ein Luring som
alle heilage,» segjer Mannen. Kona svarar ikkje paa
det; men til meg segjer ho: «han er kje som dei andre.»
Og smilande legg ho til: «han hev Raad for alt; meg
lærde han aa tukte Mannen min.» «So? Var Mannen
din so leid?» — «Han var eit Troll!» — «Kva Raad fekk
du for det daa?» — «Eg skulde setja mi Glede i aa
gjera meir enn min Skyldnad.» — «Og det hjelpte?» —
«Ja; paa Resten hjelpte det.» Og ho fortel meg mykje
um Bror min som godt er.
Mangt hev han vori ut-i, og mangeleis vert han dømd.
Vanlegt Folk segjer det vanlege: han er galin. Dei
gudelege segjer: han hev Djevelen. Men süme held han for
ein Profet. For han ofra for Guds Skuld alt han hadde
kjært; og no sit han paa si Heid og liver av sitt Stræv;
og han gjeng um og gjer vel mot all den Naud han kann
naa; for han tenar Meistaren.
Og Folk av alle Slag søkjer’n, helst i Løynd, og fær
Raad og Rettleiding um laagt og um høgt; og i
Grunnen trur alle at han er noko framifraa.
Eg maa faa Greide paa han. Men eg skynar no, at
um det skulde hende at ein raaka noko godt paa Jordi,
so vilde ein ikkje lett kunna skilja det fraa Galinskap
eller mein-sløg List.
For det gode er utrulegt.
153
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>