- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
152

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lovi: Magti raar, kom Gud burt for meg. Og det slokna
i meg og kolna; og Verdi vart som eit tomt Hus der
ingin bur. Men eg lo og kjende meg fri; og sidan
trampa eg ned ikring meg, eg som dei andre.

Og eg var hjaa Trollheksine, dei som kverver Syn og
vender Hug og tryller Folk og syg Sjæli or deim i
blodige Nætar. For i Hugen min brann det av Uro og heit
Lyst som eit Helvite; og Verdi var tom; og eg maatte
røyne Live til Botnen og til Bermen. Og alt det dei
visste og kunde av Ørske og Trollsæle lærde dei meg.
Det var dyrt. Det kosta meg min Ungdom. Og daa eg
gjekk fraa deim, saag eg at dei var hole, og at dei ikkje
hadde Hjarta i seg. Sidan var alle hole i Ryggen for
mine Augo, og der var ikkje Kjærleik og ikkje Tru. Daa
vart eg hard til Grunnen og hjartelaus. Og eg lét henne
gaa som eg hadde elska, ho den truskyldige som venta
paa meg; og eg gifte meg med Gull, og laante ut Gulle
mitt for Rentur, som — men eg veit den som tok endaa
større Rentur og no sit i Legislaturen. —

Men ho som hadde fylgt Gulle heldt av meg; og som
Aari gjekk, veikna Trolldomen. Daa hadde ho lært av
meg. Og ho vart ei Trollheks som dei andre og flaug
fraa meg. Men den som ho flaug burt med var min
siste Vén, den trulause som eg hatar æveleg.

Daa kom det upp at eg hadde mjukna. Eg var ikkje
Stein og ikkje Staal. Sjuk vart eg, og ør, og misste
Svevnen, og gamalt vondt braut upp; og hadde eg
trampa andre fyrr, trampa andre no meg; og snart laag
eg nedbrotin og arm, og hadde ingin Ting att for all mi
Møde. Daa sagde eg: sandeleg, det eg fyrr kasta fraa
meg var Live.

Men det ein kastar fraa seg finn ein aldri att. Og
litin Hugnad hev eg av min Rekneskap.

152

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free