- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
155

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Er der Meining i slikt?
Eg orkar ikkje dette.
Eg kann ikkje arbeide um Dagen;
eg kann ikkje kvile um Natti.
Tankane mine folnar,
som Lauv feil.

Og paa denne Spanestolen som heiter ei Seng
skal eg rekkjast og strekkjast ei lang Natt;
og fraa Spanestolen skal eg i Morgo
inn i den Spikertunna som heiter Dag,
og rulle og rivast paa kvasse Oddar.

Og so ingin aa klaga seg fyri.

Eller klaga paa.

Ingin Styrar.

Ingin som hev Andsvar.

Anarki.

Kvar gjer som det er godt for hans Augo;
kvar lid som det er verst for hans Rygg.

Aa rolegt, rolegt,

du Hjarta der inne!

Eg vil sova;

eg vil lure han av.

Berre eg kunde faa snu meg til,

so eg ikkje høyrde Hjarta mitt,

og alle desse urolege Pulsane,

og all denne Susing og Banking

av eit Liv som slitnar sund.

Aah.

Natti er best likevel.
For daa er her stilt.
Ingin lær og ingin skrik.

155

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free