- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
156

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og det gjeng ikkje i Dørine.

Og dei kjem ikkje med Rekningar.

Og ingin segjer: kom faa deg Mat.

Naar ein berre ikkje turvte staa upp att!

XX.

Ro hev nok Bror min sjeldan; og trygg er han ingin
Stad. Igaar kom ein Bladmann og leita han upp her
hjaa meg; han vilde spyr ja han ut og setja han i Blade.

Og han tala mykje og langt paa sit Maal. Herr Hove
laut orsaka; «Luren» interessera seg mykje for den
aandelege Bevægelsen han hadde vakt, og hadde alt
havt fleire Stykke, baade med og mot; for vaart
Princip var: fri Diskussion; ja Herr Hove hadde vel set det?

Bror min svara at han var ikkje Herr Hove, men Paal
i Kvernhusheidi, og at han ikkje las Bladi.

«De hev daa kje noko mot Bladi?» spurde
Bladmannen.

«Jau,» svara Paal. «Tek eg eit Blad i Hand, er det
som eg kom inn i ei Drykkjestogu. Kvar skravlar um
sitt; sume skjellest og slæst, andre gjøner og lær, andre
fortel Sogur og Slarv og fører Mistankar og vonde Ord;
og Handlarar og Bondefangarar skryter og snyter. Eg
skundar meg ut fraa alt det Staak og den tette Luft; eg
vert tanketom av det og urein paa Sjæli.»

Blidt forsvara den framande Bladi og serleg «Luren».
«Og som sagt: «Luren» interesserar seg mykje for
Dykk.»

«Men eg interesserar meg ikkje for «Luren».»

«De interesserar Dykk kanskje meir for «Posten» ?»

««Posten» hev eg kasta ut fyrr.»

«Men «Luren» arbeider daa i feame Leid som De: for
Smaafolk og dei som lid Urett, og særleg for Arbeidaren.

156

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free