Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
saart so mang ein vond Dag. Men kva hjelper det aa
trega ?
Hu, der er dei. Dei vil fram. Dei trengjer seg hit.
Blodøygde, bleike. Hyss; dei murrar; dei stirer; dei
lyfter Hendane mot Himilen. I Jesu Namn; eg kann
ikkje hjelpe dykk; burt! Det var ikkje mi Skuld. Eg
gjorde som eg maatte. Verdi var slik. Meg og mine
maatte eg tenkje paa; kva skulde eg gjera? Hadde eg
vori den veikaste, so hadde dé gjort det same med meg.
Daa tagnar dei. Dei veit det. Dei veit at det er sant.
Dei sig inn i sine Skuggar.
Men dei kjem att. Kvar skal eg gøyme meg og gjera
av meg? Hu, desse Mødrane; svartklædde, saargrétne,
med blaasvelte Ungar. Og der er han. Han med
Blodflekken. Burt! Det var ikkje mi Skuld! Eg visste det
ikkje! Det var business, business! og kvar maa agte
seg. Og den som ikkje er sterk nok, eller klok nok, han
maa svide, kven det so er. Og den som gjeng under maa
endaa vera glad; for den som vinn maa lide lengst og
verst; og der er ingin Naade lenger. For Faderen er
burte; men Helvite brenn som fyrr med blaae Logar og
usløkkjeleg Eld i vaar eigin Barm.
Hu! Burt! Fader vaar, du som er i Himlane —
XXVIH.
Lat likso godt dei møte fram som synda imot meg!
Der er nok av deim, og eg gløymer deim ikkje.
Nei, nei; ikkje du.
Eg vil kje segja noko paa deg.
Det var eg som synda verst
og laug for deg som var ung,
og braut sund ditt Liv,
endaa du heldt av meg.
164
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>