- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

XVIII.

Du Gnag der inne, no kunde du lata meg vera i Ro.
Kva vil du? Du piner meg. Kven er du? Er det gamle
Skuggar? Truir som eg hev mana ut or Minne men
ikkje er Blode? Er det Samvit? Sit det ei Sjæl der inne
og græt yvi eit spillt Liv ? Aa lat vera. Kva nyttar det.
Alt Liv er spillt. Eller hadde eg lova noko? Hadde eg
bundi meg; er det nokon som hev Krav paa meg?

Lat meg vera. Eg var den eg var. Kven skulde eg
elles ha vori? Kann ein Morian skifte sitt Skinn eller
ei Flyndre sine Flekkir? Eg var so laga, og so vart
min Lagnad so. Hev nokon Skuld, maa det vera han
som hev skapt meg; men det er ingin som hev skapt
meg. Eg er flötin fram av ein uendeleg Livsens Straum.
Eg er ein Drope; kven bryr seg um Dropen?

Men er det ein som hev noko aa krevja av meg, so
lat han koma. Lat han stige fram og provfeste sine
Krav. Eg tek gjerne min Dom, berre alt gjeng rett til,
og eg fær Greide paa kven eg hev med aa gjera.

XXVII.

Synd?

Aa ja du arme Far. Som fylgjer meg all Tid, i Dags
Tanke, i Natte Draum. Ja, eg veit det.

Men eg var for ung. Eg visste ikkje at eit Hjarta
kann lide so. Eg visste ikkje at ein Mann kann døy av
Hugsott. No veit eg det. Er det mi Skuld at det er for
seint ?

Og du, Anny. Som reis upp so bleik og gjekk. Med
Taarir som rann. Og det eine stille Ord Farvel. Og
sidan let deg banke ihel av ein comboy.

Eg veit det, Anny; eg veit det. Eg hev trega det

163

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free