Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ligg eg som eit vondt Samvit,
som ein Grav-gufs,
som eit kaldt Minne;
aldri skal du faa Ro;
for honom fylgjer eg fraa mi Grav
all Tid,
med pinande Tankar
og Hugsott og Vanvit,
at han aldri skal vera glad,
men rædd,
rædd i sitt Hjarta, rædd i sitt Samvit,
rædd Gud og Mann,
til han vert rædd seg sjølv,
og rædd deg,
og døyr som eg no,
aaleine og i Angest.
Ja gakk, naar du vil!
Eg hatar deg.
Borni mine tok du,
fyrst Hugen, sidan alt;
framande veks dei upp langt burte
og gløymer Far sin.
Vondt skal fylgje dykk
kvar dé fér;
og han som ligg i Gravi
tilgjev dykk aldri.
XXIX.
Sterke er vonde Tankar; der er ikkje Raad for deim.
Rædsla ringar meg inne. Der er ingin Veg ut. Eg
kjenner det store Myrkre, at det kjem sigande, sigande,
som Skodda inn av Have, og sveiper meg inn, og fører
meg burt, dit, der ingin frelsande Arm naar lenger.
166
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>