- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hjelp! Aa, kvi ropar eg paa Hjelp, naar der er ingin
som høyrer.

Kvi er du ikkje,
at eg kunde knefalle for deg,
og rope av mi Naud,
av mi djupe Naud,
og du vilde svara,
og døme meg,
og lata dine Toreslag
brulte;

og eg fekk gjera Bot,
og forklaare deg alt,
og du vilde skyna det,
og hjelpe meg,
og take Rædsla fraa meg.

Kvi er du ikkje?

Kvar vart du av?

Vart du leid oss;

kunde du ikkje bu her meir?

Vart me for ureine for deg,

for smaae;

vart det for laagt under Lofte
i Hjarto vaare,
for trongt, for kvævt;
fekk du ikkje Rom i Sjælir
som vart til Pengetaskur
og Reknestykke;

og i Himilen vart det kje verande
for all den Eim av Blod
og all den Os av ule Tankar;
og du drog deg burt,
og gav Verdi fraa deg?

167

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free