- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og Rædsla ringar seg
um mitt sjuke Hjarta
som ein kald Orm;
og mine Rop
og min skjelvande Sukk
døyr i Natti.

XXX.

Ein Skriftefar kunde lyfte av meg mine tunge Minne.
Ein klok, fin Mann, som kjende Verdi og Live og Hjarta
vaart, og som ein torde tala ut med, kunde gjera det.
Men kvar finn eg ein slik. Protestantane hev berre
Teologar. Og ein framand forstod meg ikkje.

Men so tenkjer eg: i Grunnen er alle framande. Der
er ikkje paa Jordi tvo som talar det same Maal. Kvar
legg sitt i Ordi; dei talar med dei same Ord om kvar
sine Ting. Og eg veit ikkje kva det som eg segjer vert
til i Heilen aat den som høyrer det. Eg vil ikkje hava
nokon Skriftefår.

Eg vil vera sterk.

Den vise segjer til Barne: du er stor; og til sitt
Kvende: du er ein Engel; og til sin Ven: treng du Mynt ?
og til Folke: Hurra. Men treng han aa lette sitt Hjarta
med eit sant Ord, so læser han seg inne attum tri Laas,
og kviskrar Orde med Handi yvi Munn, at ingin skal
høyre det utan den einaste som han veit forstend
det.

Difor talar alle gamle Folk med seg sjølve. Dei hev i
eit langt Liv lært det.

Ein lærer so lenge ein liver; og kvar Lærdom er ei
ny Sorg. Og kvar Sorg ei ny Kraft. Men ingin er
ut-lærd, fyrr han hev lært aa tegja.

169

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free