Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XVIII.
Aa du gode, du heilage,
du som kom og vilde hjelpe,
og føre dei burtkomne heim,
og lækje dei sjuke,
og gjeva dei trøytte Ro,
aa, at du ikkje lenger er paa Jordi.
Eg vilde so gjerne ha funni deg,
og sagt deg mi Naud,
at eg er sjuk,
og hev synda
og forspillt mitt Liv
og sumla meg sjølv burt
og er faren villt
og er ein burtkomin Son,
og at daa eg søkte heim,
var der ingin som tok imot meg.
Og du vilde sjaa mildt paa meg,
og gjeva meg eit godt Ord,
og leggje Hendane paa meg
og lækje meg.
Og eg vart sterk
og livde eit nytt Liv
og fann heim att til slutt
til Faderen.
Men det er for seint.
Du er burt-tekin.
Dei hev gjort deg til Gud.
No sit du der uppe og dømer,
liksom Får din.
170
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>