- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
177

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Trui er god, naar ho er ei Trygd i meg sjølv og eit
Ljos som eg treng og ei Kvild for mine Tankar; og ein
god Filosofi er ein stor Ting. Men korkje i Teologi eller
Filosofi vert du spurd naar Domen stend; og ingin hev
hev lova oss Løn for vaar Lutherdom; men eitt er visst:
at eg er dømd um eg dømer andre.

Meistaren lét roleg Farisæar tru og Sadusæar neite
Uppstodo; og han sagde ingin Ting til Romarhovdingen
som trudde paa Jupiter, eller til Pilatus som trudde paa
inkjenoko; og i det han sagde til Kananæakvinna var
der ikkje so mykje som eit Spursmaal um ho trudde paa
Molok eller Astarte. Til alle vaare kloke Meiningar hev
Vaarherre knapt anna enn ein Smil.»

xxxvn.

Eg segjer: «Kann du kje med Grunnar lære meg
Gud og eit anna Liv?»

Han svarar: «Du veit kva den skeptiske Filosofi
segjer, den gamle Visdomen som alltid vert ny: Tanken
kann skilja sund og løyse upp; berre Live kann byggje
og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med Grunnar
er bygt. Skal du liva paa noko, maa du liva deg til det.»

«Alt me elles veit er bygt paa Grunnar.»

«Alt me elles veit er bygt paa Røynsle; og endaa
berre trur me det.

Du kjenner dei vise? Det er tvo Kunnskapsvegar,
Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingin av deim
fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss at Røynsla
sviv i Lufti; klaart viser dei røynande oss at Tanken
driv i Skyine; alle vedgjeng, at Vissa ikkje er aa naa.
Og den skeptiske Visdom vert alltid ny; inkje er sant;
alt hev Rett so langt som det tenar Live.»

«Den Vissa eg hev um Gravitasjonen er eg nøgd med.»

177

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free