Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Ein fær ikkje Ro til aa liva,» knurrar eg. «Det gjeng
upp i Mas. Livsraadi maa ein vinne, so ein kann vera
trygg; av Live fær ein berre ein Jafs so i Millomstundir.
Og naar Livsraadi er vunni, so er Livskrafti øydd.»
«Menneskje hev gløymt aa liva,» segjer han. «Live
skulde vera Kunst, men hev vorti Handel. Dei set sitt
Livs Meining ikkje i Arbeide, men i det dei kann faa
for Arbeide; og Livskunsten er aa snyte til seg den
største Vinning for det minste Vederlag. Og Live vert
ikkje Skaparglede og Arbeidsro, men eit endelaust Jag;
for Livsmeining og Sjælefred kann ein korkje kaupe
eller snyte seg til; og alt det ein vinn vert for lite. Og
i Staden for Lykke lyt dei nøgje seg med Moro.
Men Livskjensla hadde du, Bror. Denne tirande
Gneisten som ligg oss i Barmen og gløder i Sorg som i Glede
og fyller kvar Stund av vaart Liv med sin stille Fest,
den hadde du. Og den var deg Like for alt, so at um
du hadde det aldri so vondt, so vilde du endaa liva. For
um Live er oss Liding eller Lyst, so vert dette ein litin
Ting mot sjølve Livskjensla.
Difor skal du vera fornøgd med det du hev havt og
enno hev; for endaa naar du er sjuk vil du liva. Njote
Live var ditt Livsmaal, og det hev du gjort. Og den
som nyt Live skal ikkje samstundes vente noko att for
det. Du er Bonde og veit, at det vert ikkje Smør av
uppdrukkin Rjome.»
XXXVI.
«Meistaren hev sine Sveinar i alle Kyrkjur og
Kyrkje-lag, men er ikkje allstad like lett å finne. Her hjaa oss
er det ikkje best. Det er lettare for Kamelen aa gaa
gjenom Naaleauga enn det er for ein rett Luthermann
aa sleppe gjenom Paulus fram til Meistaren.
176
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>