Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Difor segjer Sanningi: den vinn Live som gjer Guds
Vilje. Me byggjer det gode i oss, naar me gjer det gode
ikring oss. Med daglege Sigervinningar yvi Naturen i
oss arbeider me fram Aandsmenneskje i oss, det som
hev sitt Liv i seg sjølv og dermed den Voni som ikkje
ræddast Dauden.»
Segjer Bror min. Eg svarar:
«Ingin tvilar um Meiningi i sitt Liv, so lengi han gjer
Nytte for seg. Er det Gagn i meg, er eg til Hjelp, gjer
eg Arbeid som trengst, og gjer det godt, so veit eg at
eg ikkje liver faafengt.
Men fullt tykkjest me ikkje ha gjort Rett for Live
vaart, utan me fær gjort noko som varer. Me byggjer
Kongerike og Pyramidar og Babelstaarn; me finn nye
Land, nye Gognir, nye Truir og Tankeformir. Me vil i
desse vaare Verk liva til alle Tidir; daa fyrst er me
nøgde med Live vaart.
Og kann me kje gjera Storverk, liver me endaa for
Framtidi. Daa eg laag der burte og heldt Bank, tenkte
eg ikkje berre paa meg sjølv; eg tenkte paa Borni mine
og paa Ætti. Ein Rikdom vilde eg grunne meg som
kunde staa. I den vilde eg liva ned gjenom Tidine.
Men me veit og ser til Slutt, at ingin Ting varer. Dei
største Gjerningar døyr. Difor tenkte den gamle
Visdomen ut det um det nye Menneskje. I oss sjølve skulde
me vinne noko varande fram. Men varer det nye
Menneskje meir enn det gamle?
Han her nede, som no gjeng og tuslar i Barndøme att,
kva vilde det nytte honom um han hadde skapt det nye
Menneskje i seg? Naar Høgdi vaar er naadd, morknar
me ned att, og det øvste fyrst. Det nye Menneskje
sloknar fyri det gamle.»
Han svara: «Det gamle Menneskje slokna daa det
nye kom til. Vunnin Livsferd vil som ein rein Harmoni
179
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>