Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tone inn i Alderdomen og i Dauden. Du gjer deg for
mange Sutir, Broe min.»
Han sat ei Stund og stirde som burtgløymd. Daa saag
han paa meg og smilte so rart. «Seint,» sagde han. «vil
det spyrjast, at ein Jesu Svein døyr av Alderdom.»
«Kvi daa?» spurde eg.
«Fylgje Meistaren er aa ofre Live.»
Eg saag paa han; og det var som Augo mine vart
opna: eg saag Bror min for fyrste Gong. Tyngre Ting
hev den Mannen aa bera enn eg hev tenkt; og det er
noko i Augo hans og um Panna, og i dei sterke faste
Drag, som sagde meg at han hev ofra Live.
Og han vart noko nytt for meg. Noko høgtidsamt.
Ein Mann fraa ei større Tid; eit Menneskje som liver
Live paa Aalvor.
XXXIX.
«Ja,» segjer Bror min, «sann er den gamle Tanken at
Jordi er Helheimen.
Her brenn Elden som ikkje sloknar; her gneg Ormen
som aldri døyr. Men Elden heitar Håt; og Namne paa
Ormen er Hugverk.
Sjølve er me Sjæline som brenn. Den blaae Logen
stend av oss i vonde Gjerningar og ut or Halsen paa
oss i Eidar og vonde Ord.
Og sjølve er me Djevlane som piner. Ved ber me
kvar til annans Baal. Og me klyper kvarandre med
gloande Tengar. Og svider kvarandre med Jarni raude.
Og Gneistar fræser me i Syni paa kvarandre og sputtar
Eiter.
Men sant er det og, at Jordi er Guds Rike. Faae finn
det; for Vegen er smal og Porten trong. Og uppyvi
Døri lyser Krossen med Innskrift av Eld: ver lydig til
180
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>