- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
196

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og Siger og Fred samlar seg um hans Hovud; og han
skal ikkje smake Rædsla, men gange inn i det ukjende
som i ein ljos Draum.

Amen. Alle Guds heilage vitnar dette; og dei som lid,
sannar med: ja, ja! Signing yvi den som kjem i Herrens
Namn; Helg i Høgheimen yvi den hjelpsame!

Men dømd er den som fører vondt yvi eit Menneskje,
eller piner det, eller brenner det i Sjæli med
Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og ikkje
rettar ut ei Hand, at han kunde gjera Uppreisning. Dømd
er han, og ein utestengd; og Rædsla skal vera yvi han;
og naar han kjem paa den vonde Dagen og bed um Fred,
finn han kalde Augo og ingin som kjenner han.

Dette er min Dom. Eg ser det og skynar det og
bøy-gjer meg for Domen og tek mi Straff; for i Refsing er
Soning naar ein tek ho for Refsing, og ber ho som Bot,
fast og frivuljugt.

Men dei som var mine Djevlar og pinte meg tilgjev
eg; for mot meg gjorde dei det dei skulde. Og deira
Synd er deira Sak. Eg skriv til deim eg kann naa, og
gjer Fred; for daa eg sagde Sanningi: at eg hatar deim,
svara Bror min: «du skal endaa tilgjeva deim; for naar
du hev gjort vel mot din Fiende, hatar du han ikkje
lenger.»

Men dei eg hev synda imot og ikkje lenger kann naa,
paa deira Vegnir tilgjev Bror min meg i Guds Namn, so
sant som eg sjølv tilgjev, og so sant som eg viljugt ber
mi Refsing.

Og den store Tyngdi sig av meg; eg andar friare.

Og no kjem Vaaren med Sol og Unn Luft. Og alt
Liv vaknar. Eg fær Mod og vert glad. No, daa eg hev
funni ein god Bror, hev eg meir aa staa imot med.

Kunde eg faa hva nokre Aar til, og hva eit nytt Liv,
so trur eg enno eg kunde finne Faderen.

196

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free