Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg skjemmest av. Og unemnd Synd er som ei Mare og
ein hard Brystknute.
Det er ærlegt aa halde Bank. Og den andre var verre
Blodsugar enn eg. Men Tunga stivnar naar dei Minni
kjem, og eg kann ikkje faa sagt det.
Ein kann ikkje faa skrifte for seg sjølv. Ein hev kje
Mod til aa sjaa seg i Augo og segje heile Sanningi. Det
er som ein Operation. Ein orkar ikkje aa vera aaleine
med seg sjølv, naar ein skal leggje si Sjæl opi.
Ein annan skynar halvkvedne Visur, og gissar, og
ser kva ein meiner og vil hava fram, av Mæle og
Mine-spél og Augnelag; og ein tarv ikkje segja dei siste
pinefulle Ordi. Og han hev eit mildt Auga og eit
lempande Ord, naar han ser at ein vert rædd; og han segjer
Ting som ein sjølv ikkje kjem paa, og som kann lette
og lindre. Og berre det at han sit roleg og held ut, og
ikkje rømer som for noko stygt, er der Hjelp i.
Ein Dag naar eg er sterk, vil eg tala med Paal. Han
hev fortalt meg sitt Liv; og englerein er han mot meg;
men so mykje hev han røynt Verdi, at han kann skyna
meg. Og han dømer ikkje strengt utan um seg sjølv.
Det vilde lette so godt. Og eg fekk sova betre um
Nætane.
Lni.
Eg fekk fortelja Bror min alt. Og ei tung Byrd er
teki av meg.
Signing yvi eit godt Menneskje! Ingin veit kva eit
godt Menneskje er utan den som lid Naud. Men han
veit det; og han skal vitne paa Domedag.
Sæl den som hev det sonane Ordet og den hjelpande
Handi! I honom vandrar den heilage sjølv um paa Jordi
enno og all Tid.
195
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>