- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
201

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I.

Det som heretter kjem er mest teki or Uppskriftir
etter Haavard Haatun, ein Bonde som i yngre Aar var
Skulemeistar. Um Grunnen til at han skreiv, segjer han
i eit Etterord:

–«Det er med Folk flest som med Katolikane:

dei held seg til Presten. Og kva skulde dei elles gjera?

Me som vinn eit Grand lenger, kann stundom koma
til aa «tenkje», undrast paa, «um desse Ting hev seg
soleis». Men det er sjeldan me kjem nokon Veg. «Tenkje»
er ikkje greidt; og Rettleiding finst det lite av.

For meg var det serskilt vrangt, med di at
Spurs-maali kom so seint upp; eg var alt «utlærd»; var
jamvel Lærar for andre; kunde daa ikkje vedgaa at eg trong
Rettleiding sjølv. Og kven skulde eg faa Rettleiding
av? Spurde eg Presten, so vilde han segja at eg maatte
ikkje vera Lærar naar eg enno var Læregut; og til det
vilde eg Inkje kunna svara. Men Bøkar som kunde
hjelpe meg visste eg ikkje aa faa Tak i; og Prestar
og Preikarar som eg høyrde syntest vera um Lag like
vise som eg.

Eg freista med Nytestamente; men det var helst gali
gjort. Spursmaali vart berre vaknare; og di vaknare
dei vart, di meir las eg og di verre vart det. Stundom
var det som Testamente sagde seg sjølv imot; den eine
Evangelisten og Apostelen var usams med den andre.

201

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free