- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folke; det hev Borni aa tenkje paa; og Konfirmasjonen;
og Vaarherre, og mykje og mangt; Andsvar er der til
alle Kantar; det var beintfram min Skyldnad aa vera
vår. Til dess eg var ute av Klemba daa; — um den
Dagen kunde koma.–

Av det eg høyrde skreiv eg upp det eg hugsa1; eg
vilde sjaa um der var Samanheng. At eg hev gløgt
Minne kom daa vel med; ein hugsar elles alltid godt
det Paal segjer. — Uppskriftene kom etterkvart innpaa
ymist anna av det eg i seinare Tidir hev vori upp-i eller
tenkt paa; det hev mest vorti som ei Dagbok, dette.
Men eg læt deim liggje; dei inneheld eit og anna som

det kann vera Moro aa sjaa att.»–

*



Tekst: Den burtkomne Sonen.

–Som i ei Profetsyn stig her den Dagen fram,

daa Israel og Heidningheimen skal møtast i Faderhuse.

Og sjølve Jesu Evangelium stig fram: Gud er ikkje
Herre men Far; me er ikkje Trælar men Born; Verdi er
ikkje Fangehus men Heim; alt er nytt vorti.

Den burtkomne Sonen hev øydt sin Arv; han liver
med Svinom til Slutt; hev ingin og inkje aa halde seg
til. Men tenkjer han seg um og fér heim att, so kjem
han heim meir enn han torde tru; Faderen er berre glad
naar han fær heim att den burtkomne. Ikkje eit leidt
Ord hev han til denne Sonen som vildra seg so burt;
han tek imot den heimkomne med opne Armar, slagtar
Gjødkalven og held Gilde, og der er Glede og Spél og
Dans. Og til Eldste-Bror som knurrar segjer Faderen:
du hev alltid vori gild Kar, og alt mitt er ditt; men naar
den burtkomne kjem heim att, so skal me vera glade.

1 Det som her turvtest er medteki i Samandrag.

Bokmeistaren.

203

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free