- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
205

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vinne Live er aa vinne Rom i Gudsrike, der alt vondt
er yvivunni og fyrst og fremst Dauden; ævelegt Liv og
Guds Rike er tvo Ord for den same Ting.

Til dette Spursmaale svarar Jesus: naar det store
Gudsrike kjem, veit ingin utan Faderen aaleine. Men
det Gudsrike som det gjeld um for baade sidan og no,
det vinn kvart Menneskje naar det sjølv vil; for det er
innantil i oss.

Den som hev Gudsviljen livande i seg, han er i Guds
Rike. Og di fleire det er som gjenomfører Gudsviljen,
di fleire det er som gjer Broderlovi til Liv, di nærare
kjem og det store Gudsrike. Me skal daa ikkje gaa og
spyr ja etter det; me skal liva det fram; daa kjem det;
daa er det komi.

Denne Grunnlovi: du skal gjera Guds Vilje, er fleire
Gongir uppskrivi, liksom til framifraa Trygd. Men endaa
hev me gløymt ho.

Me skynar ho ikkje. Det er hard Tale; kven kann
høyre honom? Og dei Skriftlærde vitnar fraa alle
Preikestolar: me kann ikkje halde Bödi.

Eg sjølv — heldt Paal fram — gjekk i mange Aar
og trudde paa dei Skriftlærde. Og eg vart sjølv ein
Skriftlærd, og tala som dei. Daa me ikkje kann halde
Bödi, sagde eg, so bryt me deim; men me skal angre
at me bryt deim; kvar Kveld skal du angre at du kvar
Dag bryt deim; daa vinn du ævelegt Liv. For ikkje
Lovi gjeld det um, men Angeren.

Men den Dagen kom, daa eg vart utrygg paa min
Visdom; eg gjekk til Meistaren paa nytt Lag. Og spurde
paa nytt: korleis vinn eg ævelegt Liv. Han svara som
fyrr: hald Bödi.

Eg sukka og sagde: eg kann ikkje, Herre. Han saag
paa meg og svara: du vil ikkje, Bror min. Der stod eg
raadlaus; eg trudde ikkje Meistaren.

205

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free