- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
206

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daa kom det ein vaagall Tanke: enn um du trudde
likevel? Hev nokre Galilæa-Fiskarar kunna gjera Guds
Vilje, so kann vel du au; um du freista aa vilja?

Modig var eg ikkje. Men sistpaa vaaga eg
Freistnaden. Og smaatt um Senn tok det til aa ljosne. Ein Dag
skyna eg at eg var paa rett Veg, paa Vegen heim til
Faderen.

Alt snudde seg. Tilvære vart Broderheim og
Gudsrike; Meining vart der i Live; og di mindre eg tenkte
paa Syndi, di meir Hug fekk eg til det gode. Men naar
eg synda, som eg enno gjerer, kor vel eg kjenner at det
gode er best, so fær eg Tilgjeving so sant som eg sjølv
tilgjev.

Det er Viljen det gjeld um. Gjev Gud ditt Hjarta, so

vert hans Vilje din; og daa er du i hans Rike.

*



Tekst: Lat dykkar Ljos skine for Folk, so dei ser
dykkar gode Gjerningar og priser Faderen som er i
Himlom.

–Live vaart skal vera som det kveikte Ljose.

Det skin, av di det ikkje anna kann; du gjer det gode
drivin av din inste Hug; det er Ljose som rolegt og
stiilt brenn i sin Stake.

Eit kveikt Ljos, det er Ljos alligjenom og noko reint
anna enn den Utanpaa-Gliming som Farisæarar kann
brikje med. Og ved aa gjera det gode forkynner du det.
Forkynner det paa beste Vis; det gode som vert sagt
oss kann me tru; det gode me ser gjort kann me ikkje
tvila paa. Og den som ser gode Gjerningar priser
Faderen, og fær kannhende sjølv Hug til aa gjera det gode.

Elles skal me vera som Folk flest. Fastar me, so tarv
ingin hava Greide paa det; vaar eigi Upptukting er vaar
eigi Sak; lat andre likso godt tru at me held Høgtid.

206

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free