- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den smale Vegen skal me gange: fara fram utan
Braak og taka Verdi som ho kjem. Han som ser i
Løyndom vil løne oss i Synom: paa Lengdi vil det vise seg
at Vegen vaar var rett. Og um me er smaae og arme og
lite magtar: det minste gode som vert gjort, og ikkje
paa Framsyning gjort, legg Meining i Live; den som
berre gjev ein av dei minste ein Drykk Vatn skal ikkje
sakne si Løn. Og Fatigkona som lagde sine tvo Skilling
i Tempelkista gav meir enn nokon rik; for ho gav alt
det ho aatte.

Lat Ljose ditt skine; lat Folk sjaa dine gode
Gjerningar; daa priser dei Faderen; dei ser at det gode er
ikkje berre Snakk.

*



Tekst: «Hata Far og Mor og Kona og Barn og Bror
og Syster, ja sitt eigi Liv» maa den som vil vera Jesu
Læresvein.

Live er ei Offerferd. For alle. Kvar og ein som liva
skal, um han fylgjer Jesus eller han fylgjer Verdi, —
smaatt um Senn lyt han gjeva upp det eine etter det
andre av det han hadde kjært. Spursmaale er um Tapi
skal vera Tap, eller um ein kann faa gjort deim um til
Vokstr-Vilkaar.

Den eine etter den andre av deim du var glad i feil
burt. Eller kjem fraa deg. Kvar hev sin Veg; og meir
og meir vil Vegane skiljast. Etterkvart er du glad du
kann faa helse paa ein Vén eller Kjenning so ender og
Gong; di meir du eldest, di einslegare gjeng du. Jamvel
Borni dine kjem burt for deg. Kannhende er du sistpaa
reint aaleine. Live sjølv maa du lata til Slutt.

Jesus krev at du ofrar det som elles vert teki, og
ofrar det so friviljugt som du skulde hata det. Friviljugt
skal du taka upp den Livsens Lagnad som er deg sett;

207

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free