Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tekst: Ein rik gjeng ikkje letteleg inn i Guds Rike.
— —- Jesus likar denne Guten som hev haldi Bödi
fraa sin Ungdom av; min Svein kann dette bli, tenkjer
Meistaren. Og han segjer: vil du vera fullkomin, vil
du naa det høgste, so sél alt du eig og gjev det til dei
fatige; kom so og fylg meg.
Men her er Sveinen bundin: han er rik. Og
Rikdomen held han fast; heilt kann han ikkje fylgje
Meistaren. Han gjeng sorgfull burt.
Nokon Mammonstrasl i vanleg Meining er han ikkje;
han er god Israelit og hev haldi Lovi. Men Mammon er
speleg; naar den Stundi kjem daa det gjeld, bind han den
beste. Og for den som daa læt seg binde er alt avgjort.
Faarleg er denne Heimsens Gud. Det er vanskelegt
for ein rik aa bli frelst; utan Gudshjelp er det raadlaust
som for Kamelen aa koma gjenom Naalauga; vera i
Mammons Vald er som aa vera seld til den vonde.
Det er ikkje ofte at ungt Folk kjem i hans Vald;
annan Trolldom plar Verdi lokke Ungdomen med. Og
lokke skal ho; Huldreheimen med si Hildring og Draging
er ein Skule; og me treng den Skulen; mang ei Lekse
hev me der aa lære; kvar Lekse heiter ill Røynd. Og
det ein hev røynt, det bind ikkje lenger; alltid friare
vinn ein uppetter og fram.
Men den Mammon fær Tak paa slepp sjeldan laus;
usæl den som kjem i hans Kløar. Etter Huldreheims
Lov skulde ein vera rikdomsbundin til dess ein sjølv vart
rik; men denne Heimsens Gud gjer sine Dyrkarar blinde.
Ein tykkjer ikkje ein vert rik. Ikkje rik nok; ikkje so
ein kann vera trygg. Kor mykje ein fær maa ein hava
meir; og meir maa hava endaa meir; det ein hev vunni
er Dogg i Sol og ikkje til aa tru; ein kavar dess meir
di rikare ein vert; fær aldri Tid til aa tenkje paa Næsten.
Rein Sjukdom kann Mammonstrældomen bli. Det hen-
209
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>