- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
210

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

der at rike Folk gjeng og tiggar til sin døyande Dag;
ja det hender at dei ligg og svelt ihel med Gullposar
nedgravne i Sengjehalmen.

Ingin kann tene Gud og Mammon. Den rike Sveinen
heldt Bodi med’ han var ung; daa han kom til Vegaskile
var han for veik; og so vert han Mammonstrasl naar han
vert gamall.

Sæle er me fatige!

*



Tekst: Gjev Keisaren det som høyrer Keisaren til...

–Keisaren er den verdslege Magti. Den hev sitt

aa gjera. Og til det treng ho Skatt, som og til seg sjølv.
Den Skatten skal me gjeva ho.

Men Gud skal hava det hans er. Hans Bod skal me
lyde; hans Arbeid skal me gjera. Borni hans er me; og
som alt hans er vaart, so er alt vaart hans: heile Live
vaart gjev me til Framhjelp for hans Vilje. Og daa fyrst
vinn me Live sjølve: fær Innhald, Meining, Hugnad i det.

— Eg meinte at i Staden for Keisaren maa me no
setja Samnøyte eller Folke.

«Det kann me,» svarar Paal, «um me trur at det er
Folke som hev Magti.»

«Ja det er det vel?»

«So skulde det vera. Men enno hev me ikkje vunni
fram.

«Meir og meir vert det Mammon som raar, i Rikslive
som elles. Hans Tenarar er daa dei som i Røyndi styrer;
men alle kann ikkje styre alltid; Baglar og Birkebeinar
ligg i Krig. Det kjenner me til; den Krigen gjeng ofte
yvi Lande. Kvar Flokk segjer: Staten, det er me; og
den Flokken som vann sist styrer til næste Ufreden.
Hérfange vert bytt millom dei fremste i den Flokken
som vann; Folke fær eit Grand mindre, men sidan gjerne
eit Grand større Skattar.

210

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free