- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
212

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa dette Livsens største: aa byggje seg Heim. Og som
Mann og Kvende naar sitt eigi høgste i den Heimen dei
bygde og i Samyrkje der, so byggjer dei seg ut yvi seg
sjølve i Borni; desse veks i den gode Heimen som i ein
Hage og mognast til Live som alltid veks nytt.

Den som kjenner seg drivin til Ute-Liv, han kann
mistaka seg eller han kann hava Rett. Hev han Rett, skal
han ikkje gifte seg; tek han i Miss, so skal han ikkje
gifte seg fyrr han ser han tek i Miss; mitt Livs store

Synd kom av, at eg for seint skyna dette.

*



Tekst: Tenkjer de at desse Galilæarar var Syndarar
framfor andre Galilæarar, med di dei hev lidi slikt?

–Fullt upp hev Tilvære av svarlause Spursmaal.

Mangt synest meiningslaust og mykje synest fælt.
Saklause lid vondt og Illmennar hev det godt; süme
rotnar av Vel-Livnad og andre brotnar i Liding; rett
som det er hender Ting so ville at du berre stend og
glor: er det Faderen eller Fenden som raar, eller gjeng
Verdi styrelaus?

Slikt som at eit Taarn ramlar ned paa Maafaa og slær
ihel kven-som-helst, tek Born fraa Mødrar og Foreldre
fraa Born, og øyder Ungdom som brann etter Liv; eller
slikt som at ein Landshovding gjer seg Moro av aa
blande Blod av Ofrarar saman med Blod av Offerdyri
deira; slikt og dilikt og verre og verst, — kann det anna
vera enn Vitløyse og Villspél?

Me skal ikkje spyr ja um slikt, segjer Meistaren; me
greider det ikkje kor som er. Og kvar for seg hev nok
med sitt. Spursmaale for meg er ikkje det um Pilatus
og Offerblode eller det um Taarne i Siloam; for meg
gjeld det, korleis eg kann nytte mitt Liv rett.

Det som ser villt ut for oss kann endaa hava ei Mei-

212

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free