- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
211

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Naar Politiken ein Gong vert Samarbeid millom
Brø-rar i Staden for Krig, daa vil me med Sanning kunna
segja Folke eller Samnøyte i Staden for Keisaren eller

Magti. Gjev det ikkje vart for lengi til!»

*



Tekst: Han som fraa Upphave skapte deim, han
skapte deim Mann og Kvinne og sagde: difor skal ein
Mann forlata Fader og Moder og halde seg til Kona si;
og dei tvo skal vera eitt Kjøt.

–Verdi maa i Ægteskapsspursmaal halde seg til

Moses; hans Skipnad er for dei harde Hjarto. Men her
set Meistaren upp det Ægteskape som han kann
godkjenne.

Det er bygt paa Guds Skipnad og hev tvo Fyrimaal:
Sjølvfostring og Barnefostring. Og det Gud hev
samanbundi skal eit Menneskje ikkje skilja; Far og Mor stend
saman um Arbeide til dess den nye Ætti er framvaksi.

Aalvor er Ægteskape og ikkje Leik, Hugnad og høg
Glede skiftande med Arbeid og Strid, og stundom med
Sorg og Saknad. Men Vokstr er det for Far og Mor
ikkje minst: i Ægteskape vert dei tvo
Menneskje-helvtine eitt, veks saman til det heile Menneskje. Og
berre det heile Menneskje vinn den heile Livsrikdom.

Me ugifte er Halvmenne: Mannen for seg eller Kvinna
for seg; ikkje veksande Greinir paa Livstrée med Blomar
og Alde, men Kvist som turkar og feil. Meining fær me
i Live vaart, naar me nyttar det rett: ofrar det for
Brørane, som mange hev gjort, og som Meistaren gjorde;
og Livsverk er her alltid som krev slike Offer. Men dei
gifte med sine Barneflokkar er Live sjølv som grønkar
og veks. Gifte seg er aa gange inn i det store
Samanheng; gjenom Ægteskap naar ein Livsens Fullnad.

Difor skal Mannen forlata Far og Mor og samle seg

211

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free