- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
214

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Harm vart han stundom, naar han kom til Temple
og saag alt Ustelle der; og paa Skriftlærde og
Fari-sæingar hadde han mangt aa segja; gjer ikkje deira
Gjerningar! byd han. Men til Temple heldt han seg;
og Sveinane skulde halde alt det som fraa Mose Stol
vart paabodi.

Me tek det paa same Maaten.

Mangt kann vera aa segja paa vaare Tempel au. Men
Tekstane er Jesu Ord; og Tolkingane hev so mykje av
honom som vaare Skriftlærde hev kunna vinne seg
fram til.

Og me skal ikkje skilja oss ut. Verdi trur gjerne at
utskilde er utvalde; og Serkyrkjur og Serflokkar lagar
seg rett som det er. Men so skal det ikkje vera millom
oss. I ytre Ting er me som andre. Berre i vaart Liv skil
me oss ut, naar so maa vera: me læt Ljoset vaart skine,

so Folk ser vaare gode Gjerningar.

*



Tekst: Naar Menneskjesonen kjem i sin Herlegdom ...

–Eit Bilæte av Domen gjev Meistaren her, i si

siste Tale hjaa Mattæus.

Berre ein Ting vil Menneskjesonen spyrja um paa den
Dagen: hjelpte du den som du saag trong Hjelp? Men
i dette eine ligg alt. Den som hjelper Næsten naar han
er i Naud, han viser dermed at han elskar sin Næste;
og den som elskar Næsten gjer Guds Vilje og viser
dermed at han er Barn av Faderen. Ja Domaren segjer:
det at du hjelpte din Næste naar han var i Naud, det
vert rekna som du hadde hjelpt Menneskjesonen sjølv;
han helsar deg daa velkomin i sitt Rike.

Men den som saag sin Næste i Naud og ikkje hjelpte;
saag ein Bror svoltin, tyrst, framand, nakin, i
Fangehus, og var like sæl, han vert utan Naade burtvist.

214

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free