Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det vert ikkje spurt um anna enn dette i Domen,
segjer han som døme skal. Hev du stelt deg rett mot
Bror din? Etter det aaleine vil Domen falle.
Lat oss ikkje gløyme det!
*
Johannes, Broder og Luthavande i Trengsla og i Rike
og i Jesu Kristi Tolmøde, legg i 2dre og 3dje Kapitel
av Opinberringi fram Jesu Helsingar til Kyrkjelydom:
Du Efesus, eg veit um dine Gjerningar og ditt Arbeid
og ditt Tolmøde. Du Smyrna, eg veit um dine
Gjerningar og di Trengsle og din Fatigdom. Du Pergamus, eg
veit um dine Gjerningar. Du Tyatira, eg veit um dine
Gjerningar og din Kjærleik og di Teneste og di Tru og
ditt Tolmøde og dine Gjerningar. Du Sardes, eg veit
um dine Gjerningar. Du Filadelfia, eg veit um dine
Gjerningar, og du hev haldi mitt Ord um Tolmøde. Du
Laodikæa, eg veit um dine Gjerningar.
Til alle hev Messias Krav um Gjerningar; og aat alle
hev han Løni: den som sigrar, honom vil eg gjeva aa
sitja med meg paa min Kongsstol, liksom eg og hev
sigra og sett meg med min Fader paa hans Kongsstol.
Jesus er fraa fyrst til sist den same. Ikkje ein
Bokstav eller ein Tytill av Lovi skal forgangast, byrjar han
i Bergpreika; sæle er dei som held Guds Bod, endar
han i Opinberringi.
Paa honom kann me daa trygt tru. Og tru paa honom
er aa fylgje honom. For hans Liv og hans Lære er eitt;
han er i Sanning Meistaren.
n.
Ustødt hev det gjengi med Sundagsstundine i
Kvern-husheidi no eit Bil.
Paal vanka mykje hjaa Bror sin, han Gunnar, i hans
215
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0219.html