Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
stød paa,» smilte Paal; «drikk du deg full, so er du full;
og det er gali, um det so var sur Mjølk du var full av.
«Men Fela vil eg forsvara,» heldt han fram. «Toneleik
høyrer til det finaste og høgste me veit um; og der er
ikkje meir vondt i Fela enn i Orga; eg gløymer aldri
Ole Bull, som grøtte meg med Fela si ein Gong. Fælsleg
Toneleik finst, som det finst stygge Sogur og Kvæde;
Trollskap og Develskap er ute i Fossekall-Spél og
Fani-tullar som stundom i dei største Toneverk. Men
Trollskapen er kje i Spéle, Aasmund. Det er ikkje Spegilen
du skal skjelle paa, naar du ser du er svart; du skal
takke til at du hev Spegil og berre vaske deg.
«All Kunst prisar Gud i det fagre, og segjer oss
Sanningi ved aa vise oss det ufagre. Folk lo aat denne
Kunstmaalaren som sat her nede og maala Vatn og
Lyngheid; men daa eg var ned-um han ein Gong og saag
paa Bilæte hans, so saag eg det eg aldri fyrr hev visst:
at der er vent ikring Heialandsvatne. Og det ser eg no
kvar Dag sidan. Det fagre Gud hev gjort, men som me
sjeldan ser der me gjeng og slit, det kann slikt eit lite
Kunstverk feste og leggje fram, so det vert ein Hugnad
for oss; ein Maalar kann gjeva oss meir enn mang ein
Prest. Digtekunsten skynar me alle, mindre eller meir;
myrkt eller villt stig det vonde fram, men Livsmagtine
dragande ljose. I unge Dagar var eg paa Teater
stundom; ein Gong saag eg eit Stykke der den Vonde
sjølv var med; men Stykke var godt; det viste at ærleg
Vilje vinn yvi det vonde kor sterkt det er; og det hev
ein alltid godt av aa bli minnt um.»
«Me skal forsaka Verdi, Paal?» undrast Gudleik.
Paal smilte. «Me skal forsaka det vonde i Verdi. Men
det fagre er Paradis-Minningar som me ikkje skal drive
fraa oss; og det er Gudsdyrking aa gleda seg i Guds
Verk.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>