Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og ikkje ofte vaagar seg aat Kvernhusheidi — heldt med
meg i dette. Andre rødde um den Villskapen som gjerne
vil upp naar Ungdom held Lag; men Paal heldt paa
sitt: «det stygge kjem, naar Leiken maa halde seg fraa
Ljose. Lat gamle og unge halde Lag; so kjem god
Folkeskikk til Ære att!»
Han Aasmund i Aasebrote, «Austlendingen» dei kallar,
var helst rædd Fela. «Me hadde ein Spélemann i vaar
Bygd,» fortalde han, «som var so glup, at dei meinte
han hadde lært av Fossekallen. Og i alle dei Lagi der
han spéla var det som den vonde var laus; det vart
Slaasting og Knivsbruk og alt som fælt var. Og dei
meinte han var laus au, Styggen; han sat i Fela, trudde
dei. Og det held eg ikkje urimelegt.» Eit Par av oss
lo; andre var svært aalvorsame.
«Det er ein gamall Tanke at det vene høyrer den
Vonde til,» sagde Paal; «men nokon Jesus-Tanke er
det ikkje. Det stygge og vonde høyrer ihop; med vent
fylgjer godt; den Gode er Upphav til det fagre. Vert
nokon drivin til vondt av Felespél, so hev han det vonde
i seg sjølv og tarv ikkje skulde paa Fela.
«Det er Gud aa takke at Verdi er ven; me skal kje
gjeva hin Mannen Æra for den Ting. Berre sjaa utyvi
Bygdi no Ettersümar Dag, naar Lyngen blømer og
Aakrane gulnar og Engine ligg avslegne; sjaa paa
Raunen med sine Bær og Apalen med sine Eple; eller
paa Have som blenkjer og blaanar, eller paa den klaare
høge Himilen; Gud er i alt dette, Aasmund. Den Vonde
høyrer til i Helvite han; og der er ikkje vent.»
Aasmund var so rimeleg som han kunde; det vene
som der var Gagn i turvte ein ikkje vera rædd. Men at
Hinmannen sat i Fela hadde han alltid høyrt; og ikkje
trudde han det kunde vera betre aa drikke seg full paa
Vin enn paa Brennevin heller. «Nei det kann du vera
241
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>