- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kjem; og vert dei for stride, so vert han uthivd som ein
annan Bankerottspélar. Det var i gamle Dagar at
Bonden sat paa si Tuve trygg, — daa Jordi høyrde Ætti til.»

«Og endaa er det snart ingin som vil vera Dreng
heller,» sagde Tore.

«Tru det er kje helst denne nye Skulen som er Skuld
i slikt?» spurde han Aasmund i Aasebröte; han saag
paa meg.

«Skulen gjer sitt,» sagde eg. «Og det um
Skule-meistaren strævar imot det beste han kann. Det er det,
maatru, at Landsskulen fyrst og fremst skal skaffe
Bymannen billege Krambugutar.

«Men andre Ting hjelper til,» heldt eg fram. «Som
no dette, at Byfolk ligg paa Lande um Sumaren og
«hviler» midt i vaar stridaste Arbeidstid; og dette gjeng
Landsungdomen og ser paa, og trur at soleis hev Byfolk
det alltid. So vil han til Byen og faa det soleis han au;
kven kann undrast paa det?»

«Ungdomen maa til Byen og lære at han hev det best
paa Lande,» sagde Paal. «Men her paa Lande maa me
lære Guds Lov um Jordi; lærer me den, so misser baade
Byen og Banken si Magt, og Bonden kjem til aa sitja
paa si Tuve trygg som i gamle Dagar.»

«Guds Lov um Jordi vinn nok upp att,» meinte Tore;
«der er Teikn til det alt no, trur eg. Men fortél oss um
Jordlovi fraa Bibelen, Paal; det var visst i Grunndragi
den som galdt her au fyrr i Verdi.»

«Du maa kje tru,» sagde Paal, «at eg hev visst meir
um den bibelske Jordlovi enn du; i slikt held dei
skriftlærde seg til dei rettslærde. Og dei rettslærde held seg
til Rom; me er Heidningar her heilt ut. So raadspurde eg
Meistaren. Han sagde: Moses og Profetane skal gjelde
til Gudsrike kjem; haldt deg til Moses i slike Spursmaal.
Eg gjekk til Moses; og der fekk eg Upplysning.

244

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free