Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Jordlovi hjaa Moses er bygd paa Brodertanken; og
denne Israelslovi hev Jesus gjort til aalmenn Lov. Det er
da den me maa halde oss til, og ikkje til Romarretten.
«Hjaa Moses og Jesus er Grunnkrave det same i
Sam-fundslovi som i Moral-Lovi: du skal elske din Næste som
deg sjølv. I Samfundslovi er Krave soleis ordfest: du
skal ottast Gud og stelle deg so, at Bror din kann liva
med deg. Men skal me liva med kvarandre som Brørar,
maa me alle hava det me skal liva av; alle maa hava
Jord. Det er daa Samfunds-Grunnlovi: Jordi er for alle.
«Jordi høyrer Herren til; Faderen er Eigar; av honom
hev Brørane fengi Jordi i Leige; dei skal skifte ho
millom seg so, at dei kann liva med kvarandre som
Brørar. Ingin hev Ser-Rett, og ingin hev Mindre-Rett;
alle Borni hev kvar sitt Rom ved Borde i Faderhuse.
«Tek nokon meir Jord enn han treng, so forbryt han
seg, mot Faderen som mot Brørane; men den som driv
Handel med Jord: tek Pengar av Brørar for den Jordi
Faderen eig, han er Varg i Veum. Og han er
Draaps-mann. Stengje eit Menneskje av fraa Jordi er som aa
stengje det av fraa Luft og Sol; alle dei Armingar som
ligg i Vegar eller paa Bygatur og svelt, skal vitne mot
Jordherre-Kain paa Domedag. Ser-Eigedom til Jord er i
klaar Strid med Guds Lov.
«Ikkje alle Villmannshaattar var yvivunne paa Mose
Tid. For dei harde Hjarto Skuld vart daa Serlovir gjevne
til Naudhjelp; ei slik Serlov gav Moses um Hjelp for
Kravshavarar i Gjelds tilfelle. Sjukdom eller Vanhøve
kunde tvinge ein Mann til aa laane; og Lovi kravde av
dei velhaldne aa gjeva slike Laan, liksom ho i det heile
kravde Miskunn og Brorhug; men ikkje meir daa enn
no kunde ein lite paa at alle vilde hjelpe ein Bror i Naud
utan Trygd; Lov for alle Tilfelle laut det daa vera.
«Men Trygdelovi for Kravshavarar var ikkje som hjaa
16 — Garborg V.
245
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>