Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kann du. Bibelen hev du sjølv; og Meistaren kann du
høyre for deg sjølv; men Borni, Stakkar, maa hava sitt
etter Uppskrifti si; dei andsvarlege hev Andsvare.»
«Ein fær trøyste seg som ein kann. Men eg veit snart
ikkje um eg vaagar aa lesa Bergpreika med Borni
dessmeir.»
«Aa, naar du driv paa med Pontoppidan attaat.. Ja-ja;
det er ikkje med meg du skal tala um dette, veit du.»
Eg takka for alt. Og me skildest.
IV.
Verdi sviv og Tidi gjeng; eitt og anna skifter.
For meg hev mykje skift paa dette siste Aars Tid;
eg er ikkje Skulemeistar lenger.
Eg lika Skulearbeide; eg skulde gjerne vori Lærar.
Men i eit vigtigt Fag var eg sjølv Læregut; og det
greidde eg ikkje. Ein kann gjera seg like sæl. Halde
seg til det fyriskrivne. Tenkje som so, at for det hev
ikkje eg Andsvar; eg er Tenar og maa gjera det eg vert
paalagd.
Men eg treivst ikkje med dette. Mindre og mindre
treivst eg. Gaa der og «lære» dei truskyldige
Smaa-ingane slikt som eg ikkje var med paa, det baud meg
imot; eg kunde godsnakke for meg som eg vilde. Og
daa det so opna seg eit Led, so vidt at eg kunde sleppe
ut, so vart det meg med ein Gong klaart, at ut burde eg.
No er eg fri Mann. Og det endaa eg hev vorti Dreng
i Staden for «Meistar». Ikkje utan Saknad tenkjer eg
paa mange huglege Skulestundir, og paa den friske glade
Barneflokken min; men alt i Verdi kann ein ikkje faa;
fritt Samvit maa vera det fyrste.
— Det var Paal Hove som hjelpte meg.
«Tolvgards»-Per hev gjevi upp. Han vart for gamall.
252
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>