- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
251

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kapellanen hev lati meg vita, at Folke i Krinsen min
er «forarget» yvi at eg gjeng i Kvernhusheidi. «Og
Pastor Braut synes ikke heller at det tager sig godt ud.»

Det er ikkje ofte eg hev vori i Kvernhusheidi denne
Vinteren. Men Prestane skynar, at noko Tak paa
«Lov-forkynaren» fær dei ikkje gjenom meg; og at Folke
ikkje likar aa sjaa Læraren aat Borni sine i Skule hjaa
Antikrist er rimelegt. Kor skulde det gaa, tenkjer mang
ein ærleg Mann, um Skulemeistaren ein Dag gav seg til
aa forkynne i Skulen at me skal halde Lovi?

Folke kann ingin undrast paa; det held seg til det som
det hev lært. Og Prestane fér som dei maa fara. Eg
lyt gjera som Presten vil. Kann ein ikkje segja upp og
gaa, so fær ein rette seg etter Husbond; ein er ikkje
Tenar for inginting.

— I Dag raaka eg Paal; han kom fraa Guri i
Heia-landsmarki; hadde sett Jordeple aat henne. «Naa,»
sagde eg, «du driv paa med din Lovtrældom?»

Paal smilte. «Aa, litegrand.»

«Ja-ja; det kjem visst vel med.»

«Eg veit ikkje,» svara han; «ho Guri vil nok helst
hava av Kassa no; og daa vert eg i Vegen.»

Eg laut læ. «Ja dei vil paa Kassa no; den eine etter
den andre.»

«Det er so godt aa hava noko visst,» smilte han.

«Ja, ja; kva skal ein segja.»

— So fortalde eg mitt.

Han høyrde paa meg og smilte; «ja dette hev eg venta
paa,» sagde han. «Det vart meg nok sagt, at du kom
paa Utspæjing; men det saag meg ikkje rett ut til det
heller; og daa tenkte eg: dette gjeng ikkje lengi godt.»

«Utspæjing, ja.» sagde eg; «du kann vita eg hev logi
meg fram.»

«Daa er det i alle Maatar best at du sluttar. Og det

251

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0255.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free