- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
254

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dette; men den gamle Hove-Mannen vert han no vel
heitande, veit eg.

Um Syster si smaask jemtar Paal; «Stor gardsk jer ing
er ho; no drøymer ho um, at Sonen skal leggje under seg
halve Bygdi!» Drøyme maa ho ha Lov til, meiner eg.
Einar ventar han seg visst ikkje lite av; «der er godt To
i Karen; han er av deim som kann skyna den Ting, at
det er betre aa drive ein litin Flekk upp enn aa sitja
ei stor Vidd ned. Litegrand tümsut vert han vel paa
denne Landbruksskulen; men det vinn han yvi.»
«Tiim-singar skulde vel ikkje Jordbruksskulen lære upp ?»
undrast eg. «Aa,» segjer Paal, «det er med den som med
all Skulen vaar: han er ikkje heimflutt enno.»

Han bur i det gamle Heimehuse sitt no; men han
rister paa Hovude stundom og ser seg ikring: «underlegt
er det aa gaa her aal eine.» «Men,» lagde han til ein
Dag: «heimkomin Son er eg. Faderen hev eg funni; og
i Barndomsheimen stend eg, og stend fri. Gjev mange
var so langt komne!»

I Kvernhusheidi bur gamle Maren no, i Lag med ei
Systerdotter, Berit, Skræddaren. Paal skal «drive
Pias-sen aat deim,» og Berit skal saume Klæde aat han;
«men Maren steller Huse som ho hev gjort; og so
grei-der me oss alle.» —

Sundagsstundine held me fram med her paa Hove no.
Mangt fær eg dessutan Høve til aa tala serskilt med
Paal um, i Kvilestundir og um Kveldar. Eg skriv upp
det eg vinst med; so hev eg noko aa gjera dei
Sundagane daa eg «kviler» au; — det er ingin som held

Rekning med Kyrkjegonga mi no lenger.

*



Mild, frisk Vaarmorgon; me skal ut og pløgje.

«Sæle er me Jordarbeidarar,» segjer Paal. «Armt vert

254

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free