Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
alt anna Yrkje mot vaart; me samarbeider med
Skaparen; Jordbruk er Gudsteneste.
«Herleg er Morgonstundi framifraa. Frisk og glad
gjeng du paa; er berre Arbeidshug og Tiltak. Som ein
Adam i Paradis gjeng du; ingin laak Tanke fær Tak i
deg. Du er med i det vaknande All-Liv som Fugl og
Blom. Og Gud Herren sjølv gjeng skapande gjenom
Hagen din; daa veit du at du er heime; daa kjenner du,
at du er Son; der er Glede og Gjestebod kvar du kjem;
i Tre og Luft spélar det og syng; og som ein Dans gjeng
Arbeide, kor tungt det er.
«Og Rudningsmann er du for Liv og Vokstr Dagen
lang. Kvart Tak du tek og kvart Fræ du saar, for
Bløming og Mogning brøyter du Veg; men Møde og
Motburd lærer deg Tolmod.
«So kjem den arbeidstrøytte Kvelden med dei tunge
Stig og den bøygde Rygg; daa er Samvite godt og Kvila
kjær; og den Svevnen du nyt er Himilrike. I Otta
vaknar du nyfødd og veit knapt av at du sov; og til Arbeide
hastar du paa nytt som eit Barn til sin Leik; det er
kvar Morgon nytt liksom Guds Miskunn.
«Bonden slit. Men Jordi, Mor hans, gjev ’n alltid ny
Kraft; og skaparglad liver han i eit Arbeid som det
alltid gror etter.»
#
«Berre sæle er ikkje me Jordarbeidarar heller,» sagde
eg ein Dag. «Sjaa no all denne Stakkarsdomen som
gjeng her og bed seg, og som me ikkje kann hjelpe; ein
vert baade arg og leid av aa sjaa paa den.»
«Det lyt me finne oss i,» svara Paal. «Og Fanten fær
me føde so lengi me éi han.»
«Me éi han so lengi me føder han au,» meinte eg.
«Det er ein Tulle-Ring me er komne inni, ja. Men
enno skal me ikkje klaga, Haavard.
255
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>