- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
288

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

alt kjenner oss heime paa Hove, baade Kona og eg,
so skal me vel og etterkvart bli heimekjende i Bygdi.»

— Lage skildest; den gamle Garden gleid inn i si
nye Tid.

Underleg tekin, baade sturvorin og glad, tok eg meg
ein Sving ned-yvi Ækrune og fram-etter Foren; det var
maaneljost og stilt og vent; og eg saag vidt ned-yvi
Heialandsvatne og Markine. No er eg ferdug her au,
sagde det i meg. Far vel, du gamle Gard; dei heimlause
Tidine er yvistridde for deg no; huglege Dagar vert det
her-etter paa Hove.

Inn-imillom tenkte eg paa det Heimkomeøle me skal
drikke paa Øvre Haatun um eit Bil. Daa vil eg au vera
heime. Heime! forunderlege Ord. So hugsamt; so
fredsælt; so trygt.

Ja. Orde klingar trygt. Men det er berre eit Ord.
Og det er den Tanken som stundom gnég i meg no,
liksom Tvilen um hi Verdi fyrr: den gamle
Heime-trygdi er burte.

Eg kann leige eller byggje meg Hus; det vert sliks
Slag mest. Det er kje som fyrr, at Garden min er mitt
Rike eller Huse mitt mi Borg; Trygdi ligg i
Pengepungen. So lengi eg greider Husleiga, eller um det heiter
Rentur og Skatt, so lengi sit eg trygg; men vert eg ufør
eller Kona sjuk, eller anna vondt støyter til, so at
Skillingen tryt, so vert eg hivd ut, um eg hev Brev paa baade
Huse og Garden. Og so er det um eg kann faa Hjelp ...

Heimen hev vorti ein Draum, som so mykje anna. Me
bygde han upp; sette upp nye Hus paa ein ny Grunn;
men det viser seg, at denne nye Grunnen er utrygg.
No gjeld det vel aa finne att den gamle Tufti, som Paal
og Jens drøymer um. Men det vil taka Tid.

— Eg dreiv Tankane fraa meg. Me fær greide oss
som me kann. Me er sterke og friske baade Ingeborg

288

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0292.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free