- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
3

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3 EIN FRITENKJAR



len. „Men De meiner daa vel ikkje at det skulde
vera rett aa ’stride mot Tidsaandi’, som De segjer,
fraa Preikestolen? — Eg for min Part hev aldri vaaga
meg til aa bera slikt fram i Guds Hus."

„Ja; det er ikkje so godt aa segja. Ein Kristi Tenar
treng Visdom; — men han treng likso vel Mod. Sions
Vaktmenn . . . ."

Det banka stilt paa Døri. Dei skvatt halvt upp;
det maatte vera Hans.

Men det var ikkje Hans; det var Skulelæraren
Gabriel Vikstad. Han var millom dei tjuge og tretti,
midels høg, ikkje fast bygd; han steig inn stillt og
ustødt, liksom ein som kjenner at han ikkje lenger er
paa sin eigin Grunn; Andlite var myrklegt, Augo skygge;
han saag ut som han ynskte seg vel ute att. Daa
han hadde sagt den vanlege Helsing, bad han orsaka,
at han „kom paa ei slik Tid" — „De kjem just til
rette Tid!" meinte Presten — „og i ei slik Ærend."
Ja kva Ærend han daa kom i? — Jau, han kom og
vilde faa ein Attest.

Det hekk so ihop, at han just idag hadde fengi
Brev fraa ein Kjenning um at han burde søkje
Klokkar-posten i Nærdal; det var ein god Post som det var
Von um at han kunde faa. Men det var so stutt att
av Søkjingstidi, at han maatte skrive Breve i Kveld
og faa det avstad med Posten i Morgo, dersom her
skulde vera Tanke um, at det kom fram i rett Tid.
So hadde han vorti nøydd til aa uroe Presten paa
sjølve Jolaftanskvelden. Han var leid for dette og bad
paa nytt um Orsaking; men det galdt um so mykje
for honom, at han ikkje hadde set seg onnor Raad.

Han tala fort, kaldt og knapt, liksom ein som er arg for
at han lyt beda um Beining av Folk, som han helst ikkje
vilde hava noko med. Presten stod straks upp og fylgde ut
paa Kantore. „De vil fraa oss no?" sagde han. „Aa —,
ein lyt tenkje paa Livemaaten," meinte Vikstad. „D’er
vel so," sagde Presten, — „liksom me Latinarar segjer:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free