- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19 EIN FRITENKJAR



er den gnislande, gloande Elden. Den er dei rædde.
Den vrid dei seg fyri. Ha-ha-ha, rimeligt nok! —
Men hadde me ikkje den, so hjelpte det Fanden
korkje Lov eller Laas; dei kom til aa slaa oss ihel alle
Mann og brenne oss upp med Parafinolje, liksom dei
gjer der ned i dette Fillehole, det Paris; fy! — Ja
De, Student, De hev vori i Paris, De; De kjenner
Krute, De! Aa, for Herk. Vulgus, profanum vulgus -—
hm? er det ikkje so han segjer, denne gamle Skarven,
denne — hm! — denne — Cicero! javisst! — Odi
profanum vulgus, segjer han, d. e.: til Bloksberg med
den Helvites Herkemugen! — og det segjer eg med.
Cicero, det var ein gild Mann."

„Han var ikkje kristin," smilte Hauk.

„Nei nei!" sa Futen, „men han var . . . han var
. . . neivisst! — men han var ikkje av desse nymotens
Uppviglarar og Uppeglarar, desse som ligg og øser upp
Herke og vil øydeleggje all Daning og all Kultur . . .
Nei! -—- Men elles, som sagt, han var ikkje kristin,
og difor var han heller ikkje so god som han kunde
vori. Nei, daa var Luther meir til Kar. Luther ja?
Kva sagde ikkje han ? Dei Skarve Bøndane, sa’n!
det Herke! sa’n; burde hengjast som Hundar! sa’n.
Og gamle Fader Luther visste nok kva han sa. — Ja
det var Bøndar paa Lag som Jaabækbøndane her dette,
Aasrud. Aa Takk for litt Steik, Student."

Aasrud kremta; Kapellanen saag paa Futen med
heller sure Augo.

„Herr Futen hev no sin eigin Maate aa tenkje og
maalgreide seg paa," sagde han, „og det — fær han
hava Rett til. Eg legg no ikkje fullt so stort Lag paa
den ’gloande Elden’ som Herr Futen („det gjer ikkje eg
heller!" skreik denne), og finn paa ingin Maate at
Læra um dei ævuge Straffedomane er det første i
Kristindomen („nei var det likt seg!" sa Futen); nei!
det store i Kristindomen ligg paa andre Kantar, — um
sjølvsagt Læra um ein æveleg Pinestad høyrer med,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free